www.svaboversto.no
Parlamentet i Budapest.

Til det «nye» Budapest

Det er ein vakker sundag morgon på Donau. Vi seglar inn mot Budapest. Vindstille og sol. Gradestokken har byrja vandringa si frå pluss åtte til det varsla 22 grader.

Det har gått ei veke sidan ungararane gjekk til val og kasta Viktor Orban ut av statsministerens kontor etter 16 år ved makta. Med meir enn to tredjedels fleirtal gav veljarane klar beskjed om at dei ikkje ville ha meir av flørtinga med Putin og Trump. Sist sundag kveld ropte titusen-vis ved Donaus breidde i Budapest eit klart «Ja til Europa», «Putin reis heim» og «Nei til korrupsjon og demontering av demokratiet».

Vi er igjen på Donaucruise med https://escape.no . Ei reise på Europas nest lengste elv (etter Volga) er alltid ei oppleving. Tur -retur Passau i Tyskland til Budapest. Gjennom vakre Wachaudalen i Austerrike, til Wien og Budapest og tilbake via Bratislava og Linz.

Det alle mest spesielle denne gongen var å koma til den ungarske hovudstaden. Framleis heng nokre valplakatar fra Orbans parti, Fidesz, med bilde av Ukrainas statsminister Volodymir Zelenskyj og han som blei den overlegne valvinnaren, Peter Magyar. Tekst på plakaten: «Dei er farlege. La oss stoppe dei». Veljarane var ikkje einige. Før valet var vi spente på kva for eit Budapest vi ville møte. Med eit uavklart valresultat, ville vi då koma til ein by med demonstrasjonar, kanskje gateslag? Så langt derifrå. Sundagen var roleg og fredeleg. Latter og smil rundt borda på dei mange uterestaurantane. Valresultatet var så avklarande at Viktor Orban viste seg som ein langt betre tapar enn førebiletet sitt Donald Trump. Ikkje berre aksepterte han raskt nederlaget om kvelden for ei veke sidan. I sitt første intervju etter tapet, slo Orban fast at den viktigaste oppgåva hans no er å sørgje for eit ryddig maktskifte i byrjinga av mai.

Orbans vanstyre.

I løpet av Orbans 16 år ved makta, har Ungarn blitt det mest korrupte landet i EU. Økonomien er skakkøyrt, noko som ikkje minst har gått ut over helsetenesta og utdanningssektoren. Dei fattige har blitt fattigare og Orban og hans nærmaste stadig rikare. Den avtroppande statsministeren gjekk til angrep på sivilsamfunnet, akademia, media, domstolane, slik at dei ikkje var uavhengige lenger. Orban plasserte venner i dei viktigaste posisjonane. Same kveld som valresultatet var klart, oppmoda Magyar desse folka, inklusive presidenten, om å forlate stillingane sine. Viss ikkje, sa valvinnaren, ville han sørgje for å fjerne dei, om nødvendig ved å endre grunnloven.

Kva no?

Forventningane til 45 år gamle Magyar er store. Sjølv har han sagt at økonomien skal på rett kjøl, han skal «reparere» demokratiet og rettsstaten. Media og domstolane skal igjen bli uavhengige. Ungarn skal vera eit konstruktivt medlem av EU, også i forhold til Ukraina. Og Magyar skal sjølvsagt ikkje dele innhald frå EUs toppmøte med Moskva, slik Orban gjorde. Likevel. Det er fleire kommentatorar som stiller spørsmål ved kor djuptgripande endringane i Ungarn kjem til å bli. Dei minner om at Magyar så seint som for tre år sidan var medlem av Orbans parti og tidlegare gift med landet sin justisminister.

Orban har vore eit førebilete for den høgrepopulistiske bevegelsen i Europa. Han har til dømes inspirert AfD i Tyskland, Nasjonal samling i Frankrike og slovakiske Smer. No er spørsmålet kven, om nokon, vil overta Orbans rolle som bremsekloss i EU. Analytikarar peikar på Slovakias statsminister Robert Fico, men meiner også at han nok er for mykje pragmatikar. Dessutan har han ikkje den sterke støtta i si nasjonalforsamling som Orban hadde i Ungarn. Men det er ingen tvil om at Fico er svært Putin-venleg.

Dei neste månadane vil vise om valet i Ungarn er eit teikn på at dei illiberale kreftene er på tilbakegang i Europa.

I media

Les mer om de siste aktivitetene våre:

GÅ TIL MEDIA

Dagens sitat

“America has dealt with the China shock but so far it has no answer to the Trump shock. “

— Fareed Zakaria, GPS, 4. august, 2023
Astrid Versto

Astrid Versto

Astrid Versto, partnar i SvabøVersto, leiar konferansar og debattar om ei rekke samfunnsspørsmål.
Ho er spesielt opptatt av norsk og internasjonal politikk, næringsliv, kultur, språk og litteratur. I tillegg arbeider ho med medierådgjeving- og trening.