www.svaboversto.no

Rhinen: Frå Amsterdam til Basel

Endeleg er me i gang att. Den fyrste av tre elvecruise med Escape i år går på Rhinen, frå Amsterdam til Basel.

Ei heil veke seglar me i Nederland, Tyskland, Frankrike og Sveits. Ei reise som byrjar i kanalbyen Amsterdam, går vidare til tyske Køln med den vakre domen, den fyrste av fleire attraksjonar som er på UNESCOs verdsarvliste.

Me legg til kai i Koblenz, den vakre byen der elva Mosel renn inn i Rhinen. Det såkalla tyske hjørnet.

Under innseglinga fangar blikket den gigantiske statuen av Wilhelm 1. Han blei også omtalt som Wilhelm den store, og var den fyrste tyske keisaren (1871 til 1888). Me får også med oss den vakre Moseldalen, med vinrankar i dei brattaste skråningar og idylliske små landsbyar, gjerne med sitt eige vesle slott. Og sjølvsagt blir det tid til å smaka på dei gode vinane.

Etter dette er me klare for legendariske Lorelei. Den 132 meter høge klippa, som ligg på Rhinens høgre breidde. Dette er den smalaste delen av elva. I fylgje historien sat vakre Lorelei på toppen av klippa og kjemde det lange gyldne håret sitt. Ho song så fint, at skipperane gløymde å styre unna den farlege klippa, og forliste.

Turen går vidare via Rüdesheim til Speyer, før me kjem til Strasbourg. Eit høgdepunkt for mange av gjestene, både på grunn av byens historie, at den er så vakker og at Strasbourg huser viktige institusjonar som Europarådet, Europaparlamentet og Menneskerettsdomstolen. I 1988 blei Strasbourgs historiske sentrum på øya Grande Ile oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Før me reiser heim til Noreg, er me så heldige å få med oss Basel i Sveits, ikke minst den arkitektonisk mangfoldige gamlebyen.

Under turen held me foredrag om Europa, notid og historie. Og me kåserer om glimt frå yrkesliva våre. Til hausten er det to turar på Donau og ein til Wien, der me budde i fire år.

I media

Les mer om de siste aktivitetene våre:

GÅ TIL MEDIA

Dagens sitat

«A litmus test for whether China will continue to honor its international pledges.”

— Katsuji Nakazawa, journalist Asian Review om Kinas nye Hongkong-lover (29.05.20.)
Astrid Versto

Astrid Versto

Astrid Versto, partnar i SvabøVersto, leiar konferansar og debattar om ei rekke samfunnsspørsmål.
Ho er spesielt opptatt av norsk og internasjonal politikk, næringsliv, kultur, språk og litteratur. I tillegg arbeider ho med medierådgjeving- og trening.