Astrid Versto og Terje Svabø: – I staden for å trappe heilt ned som pensjonistar, byrjar vi på noko nytt. Sidan 2008 har vi vore mykje på farten, og budd i Wien, Zagreb, Helsingfors og Berlin. No både roar vi ned og girar opp, med heimekontor i Vinje og i Oslo. Så det blir framleis pendling. Det finst knapt ein betre stad enn Vinje å lade batteria og samle krefter til nye oppgåver.
Foredrag
Vi er alt i gang – på Donau. Gjennom sju land og i fem hovudstadar held vi foredrag om Sentral-Europa og Balkan, om historie, notid, kultur og politikk. Vi delar inntrykk og opplevingar frå eit langt liv i journalistikken og frå andre gjevande arbeidsoppgåver i inn- og utland.
Du finn meir informasjon på escape.no. om elveturane.
Men vi kan også bidra med fagleg påfyll dersom du skal arrangere ein tur for ei (leiar)gruppe til ein europeisk (små)by.
Konferanse-og debattleiing
Vi har begge i fleire år leia debattar og konferansar, både framfor kamera og på kongressar og seminar. Begge to følgjer den politiske dagsorden tett, og vi leiar gjerne ordskifte om dagsaktuelle tema innan kultur, organisasjonsliv, næringsliv, forsking, kultur og idrett.
Rådgjeving
Vi tar gjerne på oss rådgjeving for organisasjonar og selskap i strategiske prosessar og i forhold til media. I ein hastig kvardag med mange aktørar, er det viktig med rett ord i rett tid. Å målbera klare bodskap til aktuell målgruppe, krev trening. Vi tilbyr derfor medietrening for å gjera deg tryggare i møte med krevjande spørsmål og kommentarar.
Oversetting
Astrid er opptatt av språk; godt språk. Nynorsk har vore hennar arbeidsspråk i alle år. Ho har lang erfaring med oversetting frå bokmål til nynorsk. I åra framover vil Astrid bruke meir tid på oversetting, både skjønnlitteratur og alle andre typer skriftleg materiale.
Vi er opne om alle kundeforhold.
Våre verdier
- Grundig
- Ærlig
- Åpen
- Positiv