www.svaboversto.no

Makelaus hoppsesong

Hoppsesongen 2022 er over. Endå ein gong har det norske hopplandslaget overgått alle forventningar, og skapt ugløymelege opplevingar for alle oss som er glade i denne spektakulære sporten. Dette, trass i at utfordrignane har vore mange som følgje av den såkalla “Bråthen-saka”.

Dei største bragdene i år har Marius Lindvik stått for. Han tok OL-gull i stor bakke, som den første etter Toralf Engans gull i Innsbruck-OL i 1974. Marius blei pgså verdsmeistar i skiflyging i Vikersund, og i Planica 27. mars hoppa han lenger enn han nokon gong før har gjort. 245,5 meter i siste hoppet gav han ein suveren siger framfor japanaren Yukiya Sato og heimefavoritten Peter Prevc.

Skiflygingsbakken i Planica er ein av fem slike i verda, og med den vakraste omgjevnaden. Høge fjell omkransar hoppbakken på alle kantar. Det årlege rennet i slutten av mars, markerer avslutninga på verdscupen. Slovenia er ein stor hoppnasjon. Det er eit yrande liv i hoppanlegget dei tre dagane konkurransane i Planica varer. 30000 menneske heia fram dei fire slovenarane til siger i lagkonkurransen, men nordmennene gav dei konkurranse til siste slutt, og kom på andre plass.

Bok om Hopp

Etter ei makelaus helg i Planica, held vi fram med å skrive på boka om Clas Brede Bråthen og Hopp. Initiative til boka ble tatt av oss etter skistyrets “karakterdrap” på Bråthen 26. august i fjor. I utsegna frå styret heiter det at “Bråthen over lang tid har hatt en konfrontertende kommunikasjonsform og adferd……”. Clas Brede fekk aldri høve til leggje fram sin versjon av dette overfor skistyret. Det var ingen som spurte han.

Vi skriv ei bok om personen Clas Brede, oppveksten hans, familien, kjærleiken til hopp og dei verdian han og kollegaene hans jobbar etter. I boka får den store Hoppfamilien brei plass: Utøverane, trenarane, støtteapparatet, dei friviljuge, dei mange eldsjelene, sponsorane og andre samarbeidspartnarar. Korleis Hopp brukar fellesskapets kraft  til å oppnå gode resultat for kvar enkelt. Ein individuell sport bygd på laginnsats.

Vi skriv også om kampen for at jentene skal få hoppe i same bakkane som gutane. Her har Clas Brede vore i front. I 2021 fekk dei endeleg lov å hoppe i stor bakke i VM. No står skiflyging og stor bakke i OL att.

Vi som skriv boka har i mange år stått Clas Brede nær. Så objektiv blir nok ikkje boka, men den skal vera sannferdig.

I midten av oktober er boka på plass i bokhandlane.

Siste blogger

I media

Les mer om de siste aktivitetene våre:

GÅ TIL MEDIA

Dagens sitat

“Britain has become a middling island nation isolated off the coast of Europe, without the heft to matter on its own or to set the agenda in its partnerships.”

— Fareed Zakaria, Wshington Post, tre år etter Brexit
Astrid Versto

Astrid Versto

Astrid Versto, partnar i SvabøVersto, leiar konferansar og debattar om ei rekke samfunnsspørsmål.
Ho er spesielt opptatt av norsk og internasjonal politikk, næringsliv, kultur, språk og litteratur. I tillegg arbeider ho med medierådgjeving- og trening.

Siste blogger