Gjensynet med Vietnam og Kambodsja er gripande. Det er berre eitt år sidan sist, men smila er om mogleg endå breiare. Krigsherja folk ser framover.
14 dagars eventyr er snart over. Elvecruise på Mekong, gjennom Vietnam og Kambodsja i lag med over 60 entusiastiske deltakarar frå heile Noreg. På elva som byrjar i Tibet og endar i Mekongdeltaet. Deltaet er rekna som det mest fruktbare området i Vietnam og verdas frodigaste frukthage. Her bur om lag to millionar menneske på og ved elva.
Vietnam og Kambodsja. To vakre land, som båe ber på blodig historie, men har framgang. Økonomisk vekst, sjølv om utbreidd korrupsjon trugar utviklinga. Utfordrande er det også at landa er så avhengige av kinesiske investeringar. Vietnam og Kambodsja er eittpartistatar der kommunistparti styrer med jernhand. Grunnleggjande rettar som ytrings- og organisasjonsfridom eksisterer ikkje.
Vietnam-krigen sit festa i manges minne. Det same gjer Pol Pots vandalisme i Kambodsja frå 1975 til 1979. To millionar drepne fordi dei ikkje passa inn i Raude Khmers forkvakla menneske- og samfunnssyn. Folk med utdanning, intellektuelle, kunstnarar og folk dei trudde var velståande, blei drepne. Landet blei godt som tømt for lærarar. Å gå med briller var nok til å bli drepen. Ungar og ungdom blei hjernevaska og tvinga til å vera bødlar. Skadene pregar Kambodsja den dag i dag. Ein traumatisert generasjon. Men likevel smilande og vennlege menneske over alt.
Me har gjesta små landsbyar, vore inviterte inn i dei karakteristiske styltehusa, besøkt kyrkjer, tempel og slott. Gått gjennom marknader der ein kan kjøpe alt frå silke til froskar. Køyrt tuk-tuk i Phnom Penh og ikkje minst, vore i Angkor, som var ein del av det mektige Khmerriket (800-1431). Angkor Wat er høgdepunktet. Verdas største religiøse byggverk, med sine fem ruvande tårn. Bygd av sandstein på 1100-talet.
Terje og eg har halde foredrag ombord på skipet. Og meir blir det. I oktober 2026 skal me på same turen. Håpar mange blir med på dette eventyret arrangert av Escape Travel (www.escape.no)