www.svaboversto.no

Bokfest for eldsjeler

Det var stappfullt på «Blå» då boka «Hoppsjel» blei lansert tysdagskvelden. Mange av Hopps eldsjeler, som brukar all fritida si for at barn og unge skal kunne leike seg i bakken, hadde tatt turen til utestaden ved Akerselva i Oslo.

Det same hadde dei som i lag med Clas Brede jobbar for at Noreg skal halde fram med å vera «verdas viktigaste hoppnasjon.» Trenarar og støttepersonar. Dei har gjort samarbeid og samhald til sjølve fundamentet for å lykkast. Saman med utøvarane lever dei etter verdiane sine: «audmjukheit, respekt og glede».

Hoppsjel er boka om Clas Brede Bråthen og konflikten som reiv og sleit i Skiforbundet (NSF) i flere månader og der etterverknadene framleis er å merke. Ikkje minst er mangelen på sponsorkroner ei stor utfordring for den nye hoppkomiteen.

Clas Brede håper boka kan setje ein sluttstrek for konflikten i Skiforbundet. I hoppmiljøet meiner dei at det best kan gjerast ved at skistyret ber landslagssjefen om orsaking for dei udokumenterte og stygge påstandane dei sette fram mot han i august i fjor. Dei tok seg aldri tid til å høyre hans tilsvar.

Men boka handlar om så mykje meir enn konflikten mellom NSF og Hopp.

Du møter ei rad av sportens eldsjeler som, etter Clas Bredes meining, er dei ekte heltane i hoppfamilien. Du får også lesa om den langvarige likestillingskampen, der Maren Lundby og Clas Brede har stått i fremste rekkje. No er viktige sigrar vunne: Jentene skal konkurrere i skiflyging. Det fyrste rennet blir i verdas største hoppbakke – Vikersund. Og i neste OL skal dei for fyrste gong tevle i stor bakke.

I eit eige kapittel blir den rivande utviklinga hoppsporten skildra. Og eitt kapittel handlar om det alvorlege fallet til Daniel André Tande i Planica 25. mars i fjor. Daniel og familien hans har dela dei skremmande opplevingane med oss, og også denne dagen synte Clas Brede kva slags leiar han er.

.

På «Blå» var det bokbad der tidlegare VG-journalist Bjørn Arne Johannesen leia ei samtale mellom hovudpersonen i boka og oss forfattarar. Skodespelar Venill Eirin Kravik las høgt frå fyrste kapittel «I Bakken», som skildrar Clas Brede i det miljøet han trivst best.

For den engasjerte forsamlinga var nok Christian Meyers og Alex Stöckls musikalske innslag ei skikkeleg vitamininnsprøyting. Båe dei to hovudtrenarane for landslaget er musikarar med fortid i band og beviste gjennom tre songar at dei framleis kan meir enn å få fram verdas beste skihopparar.

 

Musikarar og landslagstrenarar Christian Meyer og Alex Stöckl.

Før minglinga tok verkeleg av, overrekte representantar frå «Skigrasrota» ei spesiallaga gåve, ein skihoppar i miniatyr til Clas Brede, med ønskje om nye, suksessrike hoppår.

Siste blogger

I media

Les mer om de siste aktivitetene våre:

GÅ TIL MEDIA

Dagens sitat

«Human-rights abuses have grown worse under Mr Xi, with barely murmur of complaint from other world leaders.»

— The Economist
Astrid Versto

Astrid Versto

Astrid Versto, partnar i SvabøVersto, leiar konferansar og debattar om ei rekke samfunnsspørsmål.
Ho er spesielt opptatt av norsk og internasjonal politikk, næringsliv, kultur, språk og litteratur. I tillegg arbeider ho med medierådgjeving- og trening.

Siste blogger