www.svaboversto.no
Foto: Kjersti Kaasa

Astrid Versto

Astrid Versto, partnar i SvabøVersto, leiar konferansar og debattar om ei rekke samfunnsspørsmål.

Ho er spesielt opptatt av norsk og internasjonal politikk, næringsliv, kultur, språk og litteratur. I tillegg arbeider ho med medierådgjeving- og trening.

Astrid tar også på seg oppdrag med oversetting frå bokmål til nynorsk.

Ho har lang erfaring som journalist i NRK radio og fjernsyn. Astrid var programleiar i Dagsrevyen og leia debattprogram. Ho var også leiar av magasinredaksjonen og av politisk avdeling. Astrid har vore kommunikasjonsdirektør og direktør for personal og administrasjon i Norad, informasjonssjef ved Det kongelege hoff, ministerråd ved den norske ambassaden i Wien, kommunikasjonssjef for utviklingssaker i Utanriksdepartementet, ambassadør til Kroatia og EU-råd ved ambassadane i Helsingfors, Zagreb, Berlin og Lisboa. Som EU-råd følgde ho det roterande formannskapet i EU.

Astrid fortel gjerne om dagleglivet i, og historien til, byane ho har budd i, om EU og EØS, Sentral-Europa og Balkan. Dette gjer ho også fleire gonger i året på Escapes elvecruise på Donau.

Ho har vore nestleiar i styret for Det Norske Teatret og i Noregs Mållag. 

Bilder

Bildene kan benyttes fritt, men vennligst krediter fotograf.

  Last ned bildene i høy oppløsning (3,8 MB).

Andre bilder