www.svaboversto.no

2023 med nye elvecruise

Det er november og for oss er turane på Donau og Rhinen for Escape over for i år. No ser me fram til nye turar neste år og håpar du blir med.

Å reise på elvecruise er ei spektakulær og variert oppleving. Du sjekkar inn på båten fyrste dagen og «hotellrommet» blir med deg på heile reisa. Ombord ventar god mat og drikke, underhaldning, dans og hyggeleg reisefylgje. Og me er heldige som får vera med på mange av desse turane for å halde foredrag om ulike emne.

I år har det altså vore Rhinen og Donau. Rhinenturen starta i Amsterdam og gjekk til Basel i Sveits. I programmet var det inkludert ein tur i den vakre Moseldalen. Her fekk me smaka på lokal vin, noko me også får i dei andre vindistrikta båtturane fører oss til.

På Donau er det fleire reisevariantar. Den lengste tek oss frå Bucuresti i Romania til Austerrikes hovudstad Wien. Her seglar me gjennom sju land og vitjar fem hovudstadar. Romania, Bulgaria, Serbia, Kroatia, Ungarn, Slovakia og Austerrike. Eit anna alternativ går gjennom den vakre og frodige Wachaudalen. Denne austerrikske dalen er kjent for vinen produsert på nasjonaldrua Grüner veltliner. Eit høgdepunkt på turen er besøket til benediktinerklosteret i Melk. Berre biblioteket og takutsmykkinga i klosteret er verdt eit besøk. Turen startar i den tyske byen Passau og går til Ungarns majestetiske hovudstad Budapest.

Elvecruisa har det til felles at inntrykka er mangfaldige. I tillegg til hovudstadane, er me innom mange små landsbyar der det ikkje kryr av turistar, men der kulturtilboda er omfattande og interessante. På alle stadane me stoppar blir me viste rundt av lokale, kunnskapsrike guider. Men det er også rikelegt høve til å gå for seg sjølv.

Velkomne ombord i 2023!

Siste blogger

I media

Les mer om de siste aktivitetene våre:

GÅ TIL MEDIA

Dagens sitat

«Don’t follow leaders – Watch the parkin’ meters»

— Bob Dylan
Astrid Versto

Astrid Versto

Astrid Versto, partnar i SvabøVersto, leiar konferansar og debattar om ei rekke samfunnsspørsmål.
Ho er spesielt opptatt av norsk og internasjonal politikk, næringsliv, kultur, språk og litteratur. I tillegg arbeider ho med medierådgjeving- og trening.

Siste blogger